Osterøytunet

Osterøytunet

Osterøytunet

Osterøytunet er ein ny og moderne sjukeheim som ligg på Hauge. Institusjonen opna for innflytting av dei fyrste pasientane i januar 2004 og er organisert i 7 avdelingar med for 64 einsengsrom og 16 bueiningar i bufellesskap.

Sjukeheimen er i dag delt inn i 7 grupper. På kvar gruppe bur det vanlegvis mellom 9 og 10 pasientar. Så langt som råd er har kvar pasient eige rom med privat bad og toalett. Gruppene har felles stove og kjøken, der fellesmåltid vert laga og serverte. Under finn du litt informasjon om dei ulike omsorgstilboda ved sjukeheimen.

Gruppe 1, 2 og 3 finn du i første høgda. Gruppe 1 og 2 er særleg tilrettelagde for pasientar med langt framskriden demens sjukdom. Gruppe 3 er primært tiltenkt pasientar med behov for avlastnings-og korttidsopphald, men er også nytta for langtidsopphald.

I andre høgda finn du gruppe 4, 5, 6 og 7. Gruppe 4, 5 og 6 er tiltenkt pasientar med behov for langtidsplass.

Gruppe 7 er tilrettelagt for pasientar med rehabiliteringsbehov etter sjukdom- og sjukehusopphald, omsorg ved livets slutt i tillegg til avlastnings- og korttidsopphald.

Osterøytunet har også eit pårørande / kvilerom. Rommet er tenkt brukt av pårørande som treng å overnatta eller berre kvila ei stund. Det kan til dømes nyttast av tilreisande, eller ved samvær med alvorleg sjuke og døyande pasientar.

Osterøytunet Storkjøkken: forsynar sjukeheimen med velsmakande middag og elles det som trengs til andre måltid.

Tilstelningar / aktivitetar: I matstova held presten eller andre andakt kvar veke. Det er også her me har det meste av andre aktivitetar og kulturelle tilstellingar

Hage med turveg: finn du på baksida av sjukeheimen. Her har Hagelaget i Osterøy laga til eit hagelandskap med ein liten tilhøyrande turveg. Her finn du også terrassar tilhøyrande kvar gruppe.

Pasientane får jamleg tilbod om frisør og fotterapeut. Tinging kan gjerast av både pasient / pårørande og personale ved gruppene.

Sjukeheimslegen er på Osterøytunet kvar veke og elles når behov melder seg. Det er også ergo/fysioterapiteneste ved Osterøytunet, der ein kan søkja om tenester.

Bufellesskapet har 16 bueinigar. Dette er eit omsorgstilbod til pasientar som har behov for noko hjelp og tilsyn samstundes som dei framleis kan bu i eigen bustad. Bufellesskapet er organisert under heimetenestene i Sone Sør. Brukarane har tilbod om felles måltid i bufellesskapet og har også høve til å delta på Osterøytunet sine tilstellingar og aktivitetar.

Dagrehabiliteringa er eit tilbod ein dag i veka som ein vert tildelt etter søknad. Her er det fokus på fysisk aktivitet, primært lagt til rette for heimebuande personar som treng spesiell opptrening for ein kortare periode, etter t.d. sjukdom / sjukehusopphald.

Dagavdelinga gjev tilbod om sosial aktivitet til både pasientar og heimebuande. Tilbodet vert dreve av friviljuge ved Helselaga i samarbeid med aktivitør på Osterøytunet.

Osterøytunet sin eigen blogg

Orientering til deg som er ny pasient ved osterøytunet

Web levert av CustomPublish