Overformynderi og verjemål

1. juli 2013 tredde den nye verjemålsreforma i kraft, overformynderiet vart avslutta i kommunane og Fylkesmannen vart regional verjemålsmyndigheit og førsteinstans i verjemålssaker.

Føremålet med reforma er å styrkje rettstryggleiken, medverka til meir lik sakshandsaming og høgare kvalitet i verjemålsforvaltninga. Reforma inneber at vi får ei ny verdiplattform. Verjemålet skal vere lagt til rette for den einskilde, og ein legg stor vekt på retten til å rå seg sjølv.

Viktige element i reforma er:

Fylkesmannen blir ny lokal verjemålsstyresmakt i kvart fylke. Fylkesmannen tek over oppgåvene frå overformynderia i kommunane.
  • Ny sentral verjemålsmyndigheit er lagt til Statens sivilrettsforvaltning (SRF), som blir klageinstans for Fylkesmannen.
  • Sentrale avtalar om pengeplassering i bankar for dei midlane Fylkesmannen skal forvalte.
  • Grensa for når Fylkesmannen skal forvalte mindreårige si formue aukar frå kr 75 000 til to gonger grunnbeløpet etter folketrygda (ca. kr 165 000). For vaksne med verjemål som har formue, vil Fylkesmannen vurdere beløp til forvaltning i kvart einskild tilfelle.
  • Det vert innført ordning med «faste verjer» som skal ha fleire og i nokre tilfelle meir samansette verjemål.
Organiseringa av verjemålsforvaltninga i Hordaland
Ansvaret for verjemålsoppgåvene er lagt til administrasjons- og verjemålsavdelinga. Pr. 1. juli er det 12 tilsette i verjemålsseksjonen til å ta hand om desse sakene.

Du kan lesa meir om verjemålsreforma her:
http://vergemal.no/
 

Har du spørsmål?

Kontakt Fylkesmannen i Hordaland, Administrasjons- og verjemålsavdeling tlf. 5557 2000 eller på e-post: fmhopostmottak@fylkesmannen.no for meir informasjon.

Link
Web levert av CustomPublish