Personvernerklæring

Elektronisk lagring av personopplysningar kjem inn under lov om behandling av personopplysningar. Vi vil difor fortelje korleis omsynet til personvernet blir behandla når det gjeld våre elektroniske skjema.
 

Definisjonar

  • Personopplysning: Opplysningar og vurderingar som kan knytast til enkeltperson
  • Behandlingsansvarleg: Den som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast (Osterøy kommune)
  • Databehandlar: Den som behandlar personopplysningar på vegne av den behandlingsansvarlege (ACOS AS)

Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert teke vare på av ACOS AS som databehandlar av personopplysningar.

ACOS AS ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal kjenne deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgt og at datatryggleiken er ivareteken. Sikker behandling av data vil til ei kvar tid vere dokumentert etter gjeldande lovverk.

ACOS AS er kun databehandlar av personopplysningene, medan det er mottakande instans (Osterøy kommune) som er eigar av data og behandlingsansvarleg. Eigarforholdet er regulert av ein eigen databehandlaravtale.


Føremålet med behandlinga av personopplysningar
Opplysningar som du fyller inn vert sendt til behandlingsansvarleg. Opplysningane gjer behandlingsansvarleg i stand til å utføre si saksbehandling av førespurnaden din. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

Lov om behandling av personvern
Denne personvernerklæringa følgjer bestemmelsane i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.

Personopplysningar
Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringa, samtykker du til lagring ved oppretting av brukarprofilen din. Samtykket vert gjeve som godkjenning av retningslinene våre for personvernet og som samtykkje for behandlingsmåten av opplysningane.

Lagring av opplysningar
Dersom du loggar deg på med e-post, kan du når som helst velje å avbryte utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt hente han opp att for vidare utfylling seinare.

Opplysningane du har tasta inn vil liggje lagra på vår server, og vil ikkje vere tilgjengelege for mottakar, som er kommunen, før du bestemmer deg for å sende inn søknaden.

Når du har valt innsending, har du samtidig stadfesta at mottakar kan få opplysningane. Så snart søknaden er oversendt behandlingsansvarleg, blir innhaldet frå databehandlar sin server sletta (seinast innan tre døgn).

Sikker linje
Alle opplysningar som vert overført mellom di datamaskin og vår server går over sikker kryptert linje (SSL). Løysinga tilsvarar tryggleiken som er brukt i nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar. Du kan når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt pr e-post: post@osteroy.kommune.no.

Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv utføre slik sletting. Dette er jf. Personopplysningslova § 18 og retting etter samme lov § 27 og § 28.

Unnlatt samtykke
Dersom du ikkje samtykkjer i at personvernet er godt nok ivaretatt, vil du ikkje kunne nytte sjølvbeteningsportalen - ACOS Søknadssenter - i forhold til elektroniske søknadsskjema. Du må då vende deg til kommunen på annan måte.

Aldersgrense
Du stadfestar at du er over 18 år.


Spørsmål?
Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, ta kontakt med servicekontoret på tlf 56 19 21 00 eller e-post: post@osteroy.kommune.no.
 

Web levert av CustomPublish