PIANO

Artige tangentar

Piano er eit populært instrument i kulturskulen. Instrumentet nyttast i mange samanhenger, som soloinstrument eller i som ein del av eit større ensemble. Pianistar er populære. Det er alltid trong for tonefølgje til bryllup, konfirmasjonar eller juletrefestar.  I kulturskulen kan du få systematisk og kyndig opplæring på instrumentet. Våre lærarar har erfaring frå mange stilartar frå klassisk til meir "fri"  spelestil basert på besifring (akkordar) Me legg uansett vekt på at du får grunnleggande opplæring både når det gjeld teknikk og notekunnskap.  

Mange fordelar
Sett bort frå at eit piano er tungt å bera på, er det mange gode grunnar til å velja piano som instrument i kulturskulen.

  • Du får lett god lyd
  • Du lærer deg lett å forstå notar og akkordar
  • Du kan spela komp til songar
  • Du kan vera ditt eige orkester med melodi, bass og akkordar
  • Egner seg godt for nybyrjaropplæring i musikk, uavhengig av kva du seinare vil velja
 
s-0-266.jpg
Piano med eller utan straum
Piano er eit kostbart instrument. Mange vel derfor å skaffa seg digitalt piano. Dei er rimelege og held etterkvart god kvalitet dersom ein styrer unna dei aller rimelegaste alternativa. Satsar du på å utvikla deg til klassisk pianist vil du før eller seinare ha størst utbyte av eit akkustisk piano. 

Mange har keyboard heime. Eit keyboard har fleire lydar og fleire automatiske innretningar som autokomp. (Lagar komp i ulike stilartar medan du sjølv speler melodien) Eit keyboard har noko lettare anslag og færre tangentar. Som nybyrjar får du same grunnopplæring uavhengig av kva for instrument du har heime, men våre lærarar vil og hjelpa deg til å utforska instrumentet ditt, slik at du får størst mulig glede av det.





Tid og stad
På nærskulen i eller etter skuletid. For elevar på Lonevåg skule og Osterøy ungdomsskule: Kulturskulen sine lokale i eller etter skuletid. 
Web levert av CustomPublish