samfunns- og arealplan

samfunns- og arealplan Laura Ve

Planlegging i Osterøy

Planlegging i kommunen følgjer ei hierarkisk oppbygging med planstrategi og kommuneplan med samfunns- og arealdel på overordna nivå. Under desse styringsverktya følgjer kommunedelplanar, temaplanar, offentleg og privat arealplanlegging,osb. I planstrategien, som er det overordna politiske styringsvertyet, går det fram kva planoppgåver som er prioriterte i perioden utfrå ønskt utvikling og behov i kommunen. Økonomiplan skal sjå kommuneøkonomien i samanheng med vedtekne planar, med handlingsdel, og følge desse opp i budsjett.

plansystem_arealplan.jpg

 

Planverket i kommunen består av samfunnsplanar og arealplanar. Oversikt over gjeldande arealplanar finn du i kommunen sitt digitale planregister BRA-plan

Oversikt over andre planar styringsverty fin du under Planar og styringsverktøy.

PLANHIERARKIET

  • Planstrategi
  • Kommuneplan med samfunns- og arealdel
  • Kommunedelplanar
  • Temaplanar
  • Reguleringsplanar

KOMMUNEPLANEN

  • Samfunnsdel
  • Arealdel

Les meir om kommuneplan her.

KOMMUNEDELPLANAR

TEMAPLANAR

Ein temaplan utdjupar kommuneplanen, eller ein kommunedelplan, gjennom å gi strategiar og tiltak innanfor eit bestemt fagområde. Eksempel på temaplanar er: 

Plan for trafikksikring

Plan for habilitering og rehabilitering

Bustadsosial handlingsplan

Ruspolitisk handlingsplan 2012 - 2016

Smittevernplan 2013

Strategisk kompetanseplan for sektor Helse, omsorg og sosial

ØKONOMIPLAN

Kommunelova pålegg kommunane å utarbeide ein økonomiplan. Kommunelova § 5 stiller krav om at kommuneplanlegginga skal sjåast i samanheng med tilgjengelege økonomiske ressursar og økonomiplanen. Kommunelova § 44 stiller krav om at kommunane skal utarbeide ein fireårig plan for eigen økonomi, med oversikt over venta inntekter, bruken av midler og prioriterte oppgåver. Økonomiplanen skal rullerast årleg og er eit sentralt verktøy for å samordne dei politiske målsettingane med dei økonomiske rammene, jf. også ny § 3-1 nr. 3.

DETALJREGULERING

  • Områderegulering
  • Detaljregulering
  • Prosessar
  • Utgreiing

PRIVATE REGULERINGSPLANAR

Alle har rett til fremja forslag til detaljregulering, men planen skal utarbeidast av fagkyndige.  Detaljregulering skal fylgje opp hovudtrekk og rammer sett i kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan  eller områderegulering. Kommunen som planmynde kan avvise eit planforslag dersom det ikkje er i tråd med overordna plan.

Ta kontakt med planavdelinga på plan@osteroy.kommune.no for førespurnadar om planarbeid.

Sjå FELLES STARTPAKKE FOR DETALJREGULERING for kommunane i Nordhordlandsregion for meir info om prosess og krav til utarbeidng av reguleringsplan i Osterøy kommune.

Web levert av CustomPublish