Planprogram Samfunnsplanen

osterøy 2030

Kunngjering av vedtak av planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel

Heradsstyret vedtok i møte 17.06.15 framlegget til planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel. Vedtaket var samrøystes slik:

 "Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel planID 12532015002 vert vedteke jf. Plan-og bygningslova § 11-13."

29. juni 2015 Les meir

Moglegheiter og utfordringar

planprogramframside.pngDet er 12 år sidan Osterøy kommune sist utarbeida  samfunnsdelen til kommuneplanen. Føresetnadane for framtidig utvikling har endra seg etter dette. Særleg gjeld dette i høve til økonomisk vekst, klimaendring og ei aukande eldre befolkningsgruppe. Det er difor trong for ein plan som legg vidare føringar for korleis me forventar og ynskjer at Osterøysamfunnet skal vere, jobbe i og leve i framover. På den måten kan me sjå kva utfordringar me har for å nå måla og kva me må gjere for å få eit godt samfunn også i framtida.

I dette planprogrammet skal me peike på utfordringar og moglegheiter som skal diskuterast vidare i planprosessen fram mot vedteken plan. Planprogrammet viser til tema som me skal arbeide meir med i planprosessen og som skal danne grunnlag for handlingsprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel.

Forslag til planprogram er no lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Frist for innspel og merknad er sett til 17.mai 2015. Høyringsskjema finn du her.

26. mars 2015 Les meir
Laura Ve

Merknadsfrist til planprogram for samfunnsdelen - 17 mai

I medhald av Plan- og bygningslova § 11-13  har formannskapet i møte 25.03.2015 (FS 016/15) vedtatt oppstart av planarbeid for Kommuneplanen sin Samfunndel og utlegging av forslag til planprogram til høyring og offentleg ettersyn. For english version: click here.

Frist for innspel og merknad er sett til 17.mai 2015. Høyringsskjema finn du her.

29. mars 2015 Les meir
Laura Ve

Public hearing of the planning program for the municipal master plan until the 17th of May

Invitation to take part in the process of developing the social element of the municipal master plan and forming the future of Osterøy towards 2030.

Deadline for admitting suggestive changes and comments to the planning program is May 17, 2015.

17. april 2015 Les meir
Web levert av CustomPublish