Politisk organisering

Politisk styring i Osterøy

På desse sidene vil du få informasjon om det politiske livet i Osterøy kommune. Her vil du finne informasjon om og frå ordførar, formannskap, kommunestyre, og frå dei ulike politiske råda og utvala som finnest i kommunen. Du vil også kunne sjå kva tid politiske møte vert haldne, og ha høve til å fylgje med på sakskart og saksdokument som er offentleg tilgjengelege.

 

 
18. november 2013

Politisk organisering og styring

Heradsstyret er det øvste politiske organet i kommunen. Heradsstyret gjer vedtak på vegner av kommunen i alle saker der vedtaksmyndet ikkje er delegert vidare til andre.

Heradsstyret vert vald kvart 4. år og i Osterøy har heradsstyret 27 medlemmer.

Heradsstyret kan elles oppretta eller leggja ned faste utval med visse oppgåver eller med ansvar for delar av den kommunale verksemda, når ein finn dette tenleg. Heradsstyret fastset sjølv arbeids- og ansvarsområde for slike utval.

For perioden 2015 - 2019 er heradsstyret slik samansett:

Parti/tal      - kvinner/menn

AP     - 8 medlemmer (4 kvinner/ 4 menn)

KRF   - 4 medlemmer (2 kvinner/ 2 menn)

H       - 3 medlemmer (1 kvinne/ 2 menn)

V       - 1 medlem (1 kvinne)

SP     - 2 medlemmer (2 menn)

MDG  - 2 medlemmer (1 kvinne/ 1 mann)

FRP   - 6 medlemmer (1 kvinne/ 5 menn)     

Uavhengige - 1 medlem (1 mann)     

Ordførar:           Jarle Skeidsvoll, KRF, jarle.skeidsvoll@osteroy.kommune.no

Varaordførar:     Alf Terje Mortensen, FRP, alftmo@gmail.com

Gruppeleiarar i heradsstyret:

Berit Moslett Borge, H, Ragnar J. Tyssebotn, FRP, Annbjørg Bysheim Herland, KRF, Johannes Bysheim, AP, Johannes Haugland, SP, Jon FLydal Blichfeldt, MDG og Kjersti Ingolvsdotter Vevatne, V.

Formannskap/ordførar

Heradsstyret vel formannskap og mellom medlemmene i formannskapet, ordførar og varaordførar. Formannskapet i Osterøy har 9 medlemmer.

Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalde og rettslege representant. Ordføraren leier møta i kommunestyre og formannskap, og representerer kommunen ektsternt og overfor media. Ordføraren er bindeleddet mellom politiske utval og administrasjonen.

Formannskapet behandlar og gir innstilling til vedtak om årsbudsjett og økonomiplan, kommuneplan og i andre overordna saker som skal avgjerast av heradsstyret.

Interkommunalt samarbeid

Osterøy kommune er medlem i Regionrådet Nordhordland, Business Region Bergen (BRB) og Osterfjordrådet.

 

18. november 2013 Les meir
Web levert av CustomPublish