Produksjonstilskot i landbruket

Formålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.

Produksjonstilskotet omfattar ei gruppe ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, husdyrhald og grønt- og potetproduksjon etter satsar fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

Målgruppe
Landbruksføretak som driv vanleg jordbruksproduksjon.

Kriterium
Produksjonstilskot kan gjevast til føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon dersom verksemda er registrert i Einingsregisteret og er registrert som meirverdiavgiftspliktig, eller har hatt ein samla omsetnad og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste 12 månadane før registreringsdato.

Meir informasjon, rettleiing og forskrifter finn ein på Statens landbruksforvaltning sine nettsider.

Web levert av CustomPublish