Rådet for funksjonshemma

Rådet for funksjonshemma er eit samarbeids- og rådgjevande organ for kommunen. Rådet skal fremja funksjonshemma sine interesser i høve til kommunale vedtak, tilbod og tenester.

Rådet for funksjonshemma vart oppretta i 1992 etter vedtak i heradsstyret.

Rådet skal ivareta og fremja funksjonshemma sine interesser og rettar på alle samfunnsområde. Rådet skal medverka til tilrettelegging for aktiv deltaking i samfunnet samt fremja gode ofentlege tenester og tilbod.

Rådet får sakslister til formannskap og heradsstyre og kan gje uttale til dei sakene dei ynskjer.

Dei kan og ta opp andre saker på eige initiativ. Hovudansvaret er å ivareta funksjonshemma sine interesser i dei sakene som er til behandling.
 

Medlemmer:

Kåre Hagebø, leiar
Åse Olsnes, nestleiar

Aksel Låstad

Atle Eide

Knut Tormod Bruvik

Vidar Pedersen

 

 


 

Web levert av CustomPublish