Rådmann

Rådmann er kommunen sin øvste administrative leiar jfr. kommunelova, og skal til ei kvar tid sjå til at kommunen fungerer på ein tilfredsstillande måte.

 

Jostein Førre tok over jobben som rådmann 01. januar 2016.
 

Rådmannen har følgjande mynde og oppgåver etter kommuneloven:

§ 23. Administrasjonssjefens oppgåver og mynde.

1. Administrasjonssjefen er den øvste leiaren for den samla kommunale administrasjon, med dei unntak som følgjer av lov, og innaføre dei rammer kommunestyret fastsett.

2. Administrasjonssjefen skal påsjå at de saker som vert lagde fram for folkevalte organ er forsvarlig utreda og at vedtak blir iverksett. Administrasjonssjefen skal sørgje for at administrasjonen drives i samsvar med lover, forskrifter og overordna instruksar, og at den er gjenstand for betryggande kontroll.

3. Administrasjonssjefen har møte- og talerett, personlig eller ved en av sine underordna, i alle kommunale folkevalte organ med unntak av kontrollutvalet.

4. Kommunalt og fylkeskommunalt folkevalt organ kan gi administrasjonssjefen mynde til å treffe vedtak i enkeltsaker eller typar av saker som ikkje er av prinsipiell betyding, viss ikkje kommunestyret har bestemt noe anna.

Ansvaret som vert pålagd rådmann vil til ei kvar tid vera avhenging av kva mynde som er delegert og kva ressursar som vert stilt til rådvelde.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • samla ansvar for kommunen si planlegging, budsjettarbeid og økonomistyring
  • leggja til rette for og setja i verk heradsstyret sine vedtak innafor gjeldande rammer og lover.
  • sikra god organisering og resultatutvikling for kommunen.
  • samla ansvar for å aktivisera den gode kompetansen som finst hjå medarbeidarane.
  • samla ansvar for forsvarleg saksførebuing for utval og heradsstyret.
Ass rådmann Jostein Førre
Rådmann Jostein Førre
Web levert av CustomPublish