Rådsorgan

Foreldra sitt arbeidsutval (FAU)

FAU 2017-2018
Funksjon Namn Telefon
 Leiar Vidar Tufteland  
 Nestleiar Cathrine Myhre  
 Skrivar Nina Beate Ahmer  

 

Referat FAU 2017-2018:

190917

311017

 

§ 11-4. Foreldreråd ved grunnskolar

På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

 

06. august 2015

Samarbeidsutvalet (SU)

Samarbeidsutvalet (SU) 2017-2018
Funksjon Namn Representerer
Leiar Vidar Tufteland FAU
Nestleiar Christoffer M. Lone Elevrådet
Skrivar Gaute Kleiveland Pedagogisk personale
Rådsmedlem Erlend Samuelsen Lid Elevrådet
Rådsmedlem Anne-Marit Helgesen FAU
Rådsmedlem Merethe Kvamme FAU
Rådsmedlem Marianne Sivertsen FAU
Rådsmedlem Hjalti H. Gislason Heradsstyret
Rådsmedlem Randi Hole Styve Pedagogisk personale
Rådsmedlem Wenche Paulsen Andre tilsette
Rådsmedlem Tor Arne Aasen Rektor

 

Referat SU 2017-2018:

190917

§ 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

 

06. august 2015

Elevrådet

Elevrådet  2017-2018
Funksjon Namn Klasse
Kontaktlærar Heine Tjoflot  
Leiar Christoffer Myking Lone 10CD
Nestleiar/skrivar Erlend Samuelsen Lid 9AB
Kasserar Fredrik Blichfeldt 10AB
Rådsmedlem Frøya Ahmer Solberg 8AB
Rådsmedlem Nora Bergan 8CD
Rådsmedlem Andreas Høvik Haugland 8EF
Rådsmedlem Mathilde Kvamme 8GH
Rådsmedlem Sara Dakdouka 9CD
Rådsmedlem Elise Jacobsen 9EF
Rådsmedlem Helene Bertelsen 9GH
Rådsmedlem Håvard Hole Styve Mjelde 10EF

 

§ 11-2. Elevråd ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar.

Ein medlem av undervisningspersonalet på skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.

Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape godt lærings- og skolemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.

 

06. august 2015

Skulemiljøutvalet (SMU)

Skulemiljøutvalet skal halda seg orientert og uttala seg om skulemiljøet. Det er eit rådgjevande organ som skal arbeida for auka deltaking frå elevar, føresette og tilsette i arbeidet med miljøet på skulen.

Samarbeidsutvalet fungerer som skulemiljøutval ved skulen.

Ved handsaming av saker i SMU skal elevar og føresette ha fleirtalsrepresentasjon.

 

 

§ 11-1a.Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

 
06. august 2015
Web levert av CustomPublish