Tilsett Hauge barnehage

Tilsett Hauge barnehage

Reduksjon av foreldrebetaling i barnehage

Frå 1. mai 2015 er det innført ei nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling jfr. Forskrift om foreldrebetaling i barnehager - § 3 Moderasjonsordninger.

Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital – og personinntekt.

Ingen hushaldningar skal betala meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Dette gjeld for inntekter under kr. 500.500.

Det vert gjeve søskenmoderasjon på 30% for 2. barn og 50% for 3. barn eller fleire.

Søknadsskjema med rettleiing finn de på kommunen si heimeside.

Dokumentasjon er sjømelding(ar) frå siste år.

Dersom søkjar ikkje kan leggja fram sjølmelding, til dømes kort butid i landet, kan det leggjast ved anna dokumentasjon for inntekt.

Osterøy kommune som barnehagemynde gjer vedtak.

Vedtaket vert gjort for gjeldane barnehageår.

Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5 åringar frå 1. august 2016

Frå 1. august 2016 har alle 3-, 4 - og 5 - åringar, og born med utsett skulestart, og som bur i hushaldningar med lav inntekt, rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.

For barnehageåret 2016-2017 gjeld dette for hushaldningar som har ei samla inntekt som er lavare enn 450 000 kroner per år. Inntektsgrensa skal vedtakast av Stortinget i samband med det årlege budsjettarbeidet og på lik linje som maksprisen for ein barnehageplass.

 

Web levert av CustomPublish