Redusert tilgjengelegheit på byggesak

Byggesaksavdelinga har for tida høgt arbeidspress med mange saker til handsaming. Vi ønskjer at du skal få svar innanfor fristane og vil difor i ein periode ha redusert telefontid til sakshandsamarane. Dette vert gjeldande frå 10. september til 31.12.2018.

Vi tilrår at du sender førespurnadar skriftleg for at du skal få eit så korrekt svar som mogleg. Ved kontakt med byggesaksavdelinga ber vi om at du opplysar om saksnummer og/eller gards- og bruksnummer.

 

Byggesakshandsamarane har telefontid:

Måndag: 09.00 – 13.00

Onsdag:  09.00 – 13.00

Torsdag: 09.00 – 13.00

 

Tysdag og fredag kl. 09.00 – 13.00 er det ikkje telefontid hos byggesakshandsamarane, men vi tilbyr enkel bistand.

Web levert av CustomPublish