Regionalt miljøprogram i jordbruket - tilskot

Landbruksføretak kan søkje om tilskott knyta til Regionalt miljøprogram. Dette programmet blir utarbeidd for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Fylkesmannen disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.

Målgruppe
Landbruksføretak

Kriterium Landbruksføretak som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott. Det vil ofte vere krav om miljøplan.

Handsaming
Kommunen er normalt den instansen som gjer vedtak om tilskott.

Klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Dersom det er Fylkesmannen og ikkje kommunen som har gjort vedtaket, er Statens landbruksforvaltning klageinstans.

Vedlegg til søknad
For mange av ordningane blir det kravt kart som viser tiltaksgjennomføring.

Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningane.

Interne opplysningar
Dei regionale miljøprogramma vil variere frå fylke til fylke. Du kan gjerne leggje til noko i feltet "Tenesteomtale" som spesielt gjeld tilskottsordningane i ditt fylke. Legg også lenke til den fylkesvise forskrifta under ”Lover og retningsliner” og lenke til Fylkesmannen og omtale av Regionalt miljøprogram under ”Brosjyrar, dokument, kart og liknande”. Knytt til fylkesvise søknadsskjema under ”Skjema” og opplys om søknadsfrist i dette feltet.

Handsamingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Web levert av CustomPublish