Reglar for undervisning

REGLAR FOR UNDERVISNING

 

1.     Osterøy kulturskule si årlege undervisningstid føl grunnskulen si skulerute, med same ferie og fridagar. 

2.     Innmelding skal føregår online på kulturskulen sin heimeside.

3.     Dersom søknadsmassen er stor i høve til det timetal som kulturskulen har, vert desse prioriterte:

                         a) Søkjarar som har halde søknadsfristen.

                         b) Søkjarar under 20 år.

                         c) Tidlegare elevar i kulturskulen.

 

4.     Eleven er ved innmeldinga bunden for skuleåret dersom ikkje tvingande grunnar som lengre sjukdom eller fråflytting hindrar eleven i å ta timar. Dersom ein elev likevel ønsker å slutta midt i ein sesong må kulturskulen få melding om dette før 1.desember for å unngå å betala for vårhalvåret.

5.     Eleven/føresette må gje skriftleg melding til kulturskulerektor ved lengre fråvær, meir enn  2 gonger. Læraren må få munnleg melding på førehand om kortare fråvær og skriftleg melding ved neste frammøte.

 

6.     Elevkontingenten skal betalast i 2 avdrag (november/mai). Det vert ikkje frådrag for ferie og fridagar som gjeld grunnskulen, eller for timar som eleven har forsømt. Læraren er ikkje pliktig til å ta slike timar att.

Lengre sjukefråvære (meir enn 2 gonger) vil kulturskulen gje kompensasjon  for gjennom ekstra timar eller ved reduksjon av eigenbetalinga.

Det vert gjeve frådrag i eigenbetalinga dersom kulturskulen på grunn av uventa hindringar må avlysa meir enn 2 undervisningsgonger pr. semester .

 

7.     Dersom ein elev startar undervisninga seinare enn  skulestart og dette ikkje skuldast plassmangel eller tilflytting til kommunen, må eleven betala full elevkontingent.

 

8.     Det vert innvilga syskenmoderasjon når to eller fleire sysken samstundes er elevar ved kulturskulen. Satsane vert vedtekne for kvart skuleår.( For 2015-17 er søsken- moderasjonen 50% for søsken nr. 3 og vidare)

 

9.     Under heilt spesielle tilhøve kan kulturskuleutvalet etter grunngjeven skriftleg søknad frå eleven/føresette innrømma heilt eller delvis fritak for betaling av elevkontigent. Du kan sende søknad til kulturskulerektor

 

10.   Dersom undervisningsreglane vert neglisjerte og/eller eleven syner ei vedvarande dårleg framferd, kan kulturskuleutvalet etter råd frå eleven sin(e) lærar(ar) og rektor vedta å utelukke eleven frå undervisning for kortare eller lengre tid.  Eleven sine føresette skal på førehand vera informert om tilhøvet. Avgjerda kan ankast til sektor for Oppvekst/kultur

 

Web levert av CustomPublish