Reppen barnehage

Reppen barnehage ligg på Valestrand. I 2008 bygde me ny barnehage og held til i Eidefeltet med flott utsikt over Valestrand. Me har kort veg til skogsområder og gode turmoglegheiter i nærmiljøet.

Reppen barnehage er ein privat barnehage og er eigd av Mallika Håland. Me er ein barnehage med to basar. Jungelen er basen til barna frå 0-3 år og Sumpen er for dei eldste barna, 3-6 år. Opningstida er kl. 06.45-17.00, måndag til fredag.  Me har felles opptak med kommunen og føl satsane til kommunen.

Vår visjon er : TRYGGE, GLADE BARN - LEIK OG LÆRING HAND I HAND

Vår visjon er eit resultat av erfaring og pedagogisk forankring. Tryggleik ein av dei viktigaste føresetnadene for vidare utvikling. Er barnet trygt gjer dette til at barnet tørr meir og vågar og strekkjer seg mot nye mål. Skal barna ha ei god utvikling er det og viktig at dei finn glede i det dei driv med. Mykje verdifull læring skjer gjennom leik og i barnehagen er det vårt ansvar å leggje til rette for gode leike- og læringsmoglegheiter.

For meir informasjon, sjå heimesida vår www.reppenbarnehage.no eller ta kontakt
på telefon: 56 39 04 28

 

 

Web levert av CustomPublish