Rømmingsvegar i heimen.

Rømmingsvegar i heimen. Fotograf: Thor Brodreskift

Rømmingsvegar

Ved ein brann er det viktig at alle som oppheld seg i bustaden raskt kan komme ut.

Snakk difor med familien om korleis de skal opptre ved brann og korleis de skal komme dykk ut frå alle rom. Avtal ein fast møteplass utanfor huset.

Det er viktig å ha enkle rømmingsvegar frå bustaden og ut til det fri. Hald rømmingsvegane ryddige.

Kontroller at vindauger og dører er lette å opne og vurder om det er behov for ekstra hjelpemidlar som rømmingsstige eller liknande.

Skulle det oppstå brann, hugs at brannrøyken er svært giftig. Unngå å flytte deg over lengre avstandar i røykfylte rom. Dersom dette likevel er nødvendig, hald deg lågt ved til dømes å krype på golvet. Dersom det er mørkt, orienter deg langs veggen, slik at du heile tida veit kor du er.

I nokon tilfelle - dersom du veit at brannvesenet er på veg - kan det vere mest riktig å bli på rommet eller til dømes ein balkong til brannvesenet kjem. Gje i så fall tydelege signal om kor du er, slik at du raskt får hjelp.

Web levert av CustomPublish