Hugs røykvarslar til båten din!

Hugs røykvarslar til båten din! Ragnar Bøe

Kjøp røykvarslar til båten

Tidleg varsling av brann er ekstra viktig i ein båt. Pass derfor på at du har ein fungerande røykvarslar. 

I ein fritidsbåt med trong innreiing og liten plass kan ein brann få store konsekvensar. Du bør difor tenke på brannsikkerheita om bord før du legg frå kai. Dette gjeld også om du ligg i ei tettpakka hamn. Du bør ha ein plan for korleis du skal komme deg ut om det tar fyr i ein av nabobåtane.

Viktig med røykvarslar

Røykvarslar bør være obligatorisk. Vi søv ikkje tryggare i ein båt enn i heime i huset. Ein båt har mindre romvolum og blir overtent veldig raskt. Ein røykvarslar kan varsle deg i tide og hindre at liv går tapt. I tillegg til røykvarslar bør du også ha eit brannsløkkingsapparat lett tilgjengeleg. For mange vil også eit enkelt automatisk sløkkjeanlegg vere ei fornuftig investering for å betre sikkerheita om bord.

Elektriske anlegg krev vedlikehald

For å redusere brannrisikoen i båten må du sørgje for at det elektriske anlegget og anna elektrisk utstyr er installert etter forskrifta og blir brukt slik det er meint. Kvalifisert kontroll, ettersyn og vedlikehald bør gjennomførast før ferieturen startar. Sjå også nøye på gjestehamna sine reglar for tilkopling og bruk av strøm. Ikkje bruk ”heimesnekra” elektriske anlegg når du koplar deg til 230 volts strøm i båthamna.  

Brannfare ved fylling av drivstoff

Ved fylling av drivstoff og drivstofflekkasjar kan det på kort tid oppstå eksplosjonsarta brannar. Det er viktig å tenkje sikkerheit når du fyller drivstoff. Har du laus bensintank skal du ta den opp på brygga når du fyller. Har du fast bensintank om bord må du passe spesielt på at du ikkje fyller for fullt, slik at bensinen lekkjer ut i båten.

Sjølv om bensin er farlegare enn diesel, betyr ikkje dette at dieselen er ufarleg. Diesel som blir varma opp, til dømes på grunn av lekkasje med stråle mot varme områder i motorrommet, kan også gje eksplosjonsarta brann. Hugs også at bensin- og gasslekkasjar i båt er skummelt fordi gassen er tyngre enn luft og legg seg i botnen av båten.

Gass krev varsemd

Bruk og oppbevaring av gass blir meir og meir vanleg i båt, men dette krev varsemd. Kontroller alltid at utstyret er montert slik at det ikkje blir skada eller losnar. Sjekk også rør og koplingar regelmessig slik at du unngår lekkasje, og les bruksanvisninga før du brukar nytt utstyr og før du bytter flaske. Ved kjøp av brukt båt bør installasjonar og utstyr kontrollerast av kvalifisert personell.

Ver forsiktig ved bruk av fyrstikker, stearinlys og ved røyking.

Enkle råd for brannsikkerheit i båt:

  • Monter røykvarslar i båten.
  • Ha alltid flyteutstyr tilgjengeleg og klart til bruk.
  • Søl ikkje med drivstoff eller olje.
  • Gassanlegg og koke- og varmeapparat må installerast, kontrollerast og reparerast av fagfolk.
  • Sjekk at dei elektriske apparata er i god stand og blir brukt etter forskrifta. Apparat som er berekna for innebruk må ikkje brukast utandørs.
  • Sjekk det elektriske anlegget (både 230 volt og 12 volt). Pass særleg på at leidningar ikkje er skada.
  • Eldsfarlege væsker må oppbevarast i godkjente kanner og sikrast mot slingring.
  • Ha alltid brannslokkingsapparatet lett tilgjengeleg i båten.
  • Vær merksam på lekkasjar.
  • Stopp motoren og slokk sigarettar og open flamme før påfylling av bensin eller olje.
  • Steng alle utløp for bensin, gass eller olje når turen er avslutta.
  • Vurder brannsikkerheta i gjestehamna.
  • Flyteutstyr er påbode.
  • Det er påbode å ha eigna flyteutstyr for alle personar om bord i fritidsbåten. Det er eigaren og føraren av båten som er ansvarlege for at utstyret er om bord og lett tilgjengeleg under seilas. Sjølv om det berre er påbode å ha flyteutstyret med i båten, bør ein ha det på seg i opne småbåtar eller i dårleg vær. 
Web levert av CustomPublish