Rus og psykiatritenesta


Tenesta er delt inn i 4 grupper:

1. Psykiatritenesta
2. Kroken
3. Reigstad bustader

1.Psykiatritjenesta

Gjer tilbod til menneske med ulike psykiske lidingar/problemstillingar frå 18 år. Det er ei lavterskelteneste og ventetid er max 3 veker frå tilvising er motteken. Tilvisinga kan komme frå fastlege, DPS, sosialteneste og liknande. Psykiatritjenesta gjer tilbod både om heimebesøk og at brukarane kan komme til kontoret vårt. Dette kan brukarane velje sjølv.

Tenestene vi gjer er:

  • Støttesamtaler
  • Depresjons- og angstmeistring
  • Sosial trening
  • Hjelp til medisinhandtering
  • Miljøterapi
  • Råd og rettleiding
  • Koordinering/samordning av tenester frå ulike aktørar

 

2.Kroken

Er eit tilbod til rusavhengige, Lar-pasientar, tidligare rusavhengige og vi driv arbeid med førebygjing blant barn og unge i kommunen.

Vi kan gje tilbod om:

  • Ettervern, samtalar og tilrettelagt aktivitet
  • Heimebesøk
  • Nav-tenester i eit skjerma miljø
  • Middags- og lunchgrupper
  • Individuelle samtalar
  • Ungdomsgrupper
  • Undervisning og rettleiing
  • Fysisk aktivitet

3.Reigstad bustader

Er eit bemanna butilbod for menneske med ulike psykiske lidingar. Det er folk på vakt frå 08.00 til 21.00 på kvardagar og 7 timar laurdagar og sundagar. Reigstad bustader har 5 husvære samt fellesareal. Intensjonen med bustadane er at brukarar som ikkje evner å bu åleine grunna lidinga si, skal ha ein trygg stad å bu, med den oppfølgjing ein treng:

  • Hjelp til medisinhandtering
  • Hjelp til stell av husvære
  • Hjelp til ymse helserelaterte problemstillingar
  • Koordinering av ulike tenester som f. eks lege, tannlege
  • Fellesmåltid
  • Sosial samling i fellesareal
  • Individuell oppfølging/samtalar
  • Turgåing

I tillegg til de tilboda som er lista opp her, har Osterøy rus- og psykiatriteneste eit utstrakt samarbeid med 2 linetesta og ulike andre samarbeidspartnarar som sjukehus, rusinstitusjonar, DPS, sosialtenesta, barnevern og andre som til einkvar tid er inne i brukarane sin krets/hjelpeapparat.

 

 

Web levert av CustomPublish