Samfunnsplanlegging

Samfunnet vårt endrar seg raskt. For å kunne styre utviklinga slik kommunen ynskjer er det viktig å ha gode hjelpemiddel i planlegginga. Rikspolitiske bestemmelsar, fylkesplanar og kommunale vedtak er grunnsteinar i ein kontinuerleg prosess om samfunnsplanlegging.

 Alle kommunar skal gjennomføre planlegging med sikte på å samordne den fysiske -, sosiale -, økonomiske - , estetiske - og kulturelle utviklinga i kommunen. Planlegginga skal ha ein langsiktig og ein kortsiktig del

Den langsiktige delen handlar om mål for utviklinga i kommunen, retningsliner for sektorane i kommunen og ein arealdel som syner arealbruken i kommunen

Den kortsiktige delen handlar om den kommunale aktiviteten dei næraste åra.

Heradstyret skal minst ein gong i kvar valperiode utarbeide og vedta kommunal planstrategi. Strategien gjer føringar for planarbeidet dei neste fire åra. Her vert det mellom anna vurdert om ein skal starte ein rullering av kommuneplanen. Den fyrste planstrategien for Osterøy vart lagt fram 7.november 2012.

Plan og bygningslova er den sentrale lova for offentlig styring av det fysiske miljøet i kommunen.

Ved hjelp av offentlege -og private reguleringsplanar, bestemmer kommunen korleis areal skal nyttast. I planprosessen vert det lagt vekt på innsyn og medverknad frå innbyggjarane i kommunen og andre intansar.

 Under kunngjeringar finn du kva planar som er ute til offentleg ettersyn.  

 Sentrale plandokument i Osterøy kommune finn du under kommunale planar. vedtekne reguleringsplanar finn du i i kommunen sitt planregister Braplan 

Web levert av CustomPublish