Samfunnstryggleik og naturfare

osteroybrua mot fjorden mot nord

Komunane og overordna mynde er etter norsk lov pålagt eit ansvar for samfunnstryggleiken innan sitt geografiske område etter ei rekkje regelverk etter norsk lov som til dømes Sivilbeskyttelseslova.

Samfunnstryggleik er definert som "Samfunnet si evne til å hindre uønska hendingar, redusere skadeverknad av hendingar og evne til å returnere til ønska normaltilstand så snart som mogleg etter oppstått hending".

Kommunen har som forvaltningsmynde eit ansvar for å forebygge mot naturskader etter naturskadelova og plan- og byggningslova.

Etter plan- og bygningslova har kommunen ansvar for at omsynet til naturskade og eventuell sikring vert teke i vare i plan og byggesak. Dette gjeld og ved søknadspliktige tiltak på eksisterande eigedom/bygg. Det er imidlertid grunneigar/tiltakshavar som har ansvar for at gjennomføring og dokumentering av sikringstiltak er utført og framlagt før nye tiltak kan utførast.

Osterøy kommune jobbar kontinuerleg med kompetanseheving og kunnskap om naturfare. Dette er særleg viktig i eit klima i endring. Vi samarbeidar med forskningsmiljø og fagnettverk for å heve kompetansen og auke kunnskap om samanhengen mellom klimaendring og naturfare.

Kommunen er også oppteken av å få avklart naturfare som skred og flaum i sitt geografiske område. Dette vert gjort gjennom td. skred og flaumfarekartlegging, analyser av stormflo osb.

Web levert av CustomPublish