Samhandlingsreforma

Samhandlingsreforma legg vekt på førebygging, tidleg innsats, tverrfaglege tiltak og lavterskeltilbod.
Innsatsen skal rettast mot å førebyggje og avgrense sjukdom.
Kommunen vil få fleire oppgåver for å ivareta utfordringane reforma inneber. 

Hovudmålet

Hovudmålet med reforma er «det gode pasientforløp».
Innbyggjarane skal merke reforma ved at det mellom anna
- vert betre helsehjelp
- betre koordinert oppfølging frå ulike helsetenester
- betre oppfølging av personar med kroniske sjukdomar
- fleire tilbod til dei som ønskjer hjelp til å leggje om levevaner som kan føre til sjukdom.

Kommunal betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar

Er det ikkje mogleg for kommunen å ta imot pasientar som er ferdig behandla i sjukehus, men som treng vidare hjelp i kommunen, må kommunen betale kr 4.255,- per døgn for forlenga opphald på sjukehus. 

Kommunal medfinansiering

Kommunal medfinansiering er ei ny finansieringsordning som betyr at kommunane skal dekke ein del av kostnadene når innbyggjarane vert behandla i sjukehus.

Meir informasjon frå Regjeringa om samhandlingsreforma finns her:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/tema/samhandlingsreformen/om-samhandlingsreformen/samhandlingsreformen-i-kortversjon.html?id=650137

Web levert av CustomPublish