SFO- Skulefritidsordning

SFO skal gje elevane eit trygt og utviklande fritidstilbod før og etter skuletid i samsvar med § 13-7 i Opplæringslova og  kommunale vedtekter.

Søknadsfrist for SFO frå hausten 2017 er: 01. mai 2017 (søknadsskjema finn ein til høgre på denne sida).

Søknad sender ein via elektronisk skjema. Nytt i 2017 er at ein må krysse av for om ein vil ha SFO i 10 (ved skulestart) eller 11 månader (frå 1. august). 

SFO i Osterøy kommune opnar 1. august 2017 med eit tilbod 7.5 timar dag fram til skulestart.

SFO vil vere stengt stengt i skulen sine planleggingsdagar og haust, jule – og vinterferie.

Sjå elles skulen si skulerute for 2017/2018 med informasjon om skulane sine planleggingsdagar og fridagar.

 SFO er stengt i juli månad.

 

I Osterøy kommune har fylgjande barneskular tilbod om SFO:

  • Fotlandsvåg skule
  • Haus skule
  • Lonevåg skule
  • Valestrand skule
Satsar for foreldrebetaling t.o.m. 31.07.17
Gruppe 1 Mindre enn 9 timar 1395
Gruppe 2 9 - 15 timar 1935
Gruppe 3 Meir enn 15 timar 2680

 

Satsar for foreldrebetaling pr. 01.08.2017

Gruppe 1 Mindre enn 9 timar 1395
Gruppe 2 9 - 15 timar 1695
Gruppe 3 Meir enn 15 timar 1995

 

Web levert av CustomPublish