Signerte intensjonsavtale om kommunesammenslåing.

Signerte intensjonsavtale om kommunesammenslåing. Fra venstre Johannes Bysheim, Osterøy, Marte Mjøs Persen, Bergen, Jarle Skeidsvoll, Osterøy, Eirik Haga, Vaksdal, Harald Schjelderup, Bergen og foran Knut Harald Frøland, Samnanger. Foto: Eva Hille

Signerte intensjonsavtale om kommunesamanslåing

Fredag signerte dei fire kommunane Osterøy, Vaksdal, Samnanger og Bergen ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing. Samnanger kommune kom først med i forhandlingane fredag.

Om det faktisk vert samanslåing er opp til Osterøy heradsstyre å avgjere når dei tek stilling til om Osterøy kommune skal gå med i «nye Bergen», eller fortsetta som ein sjølvstending kommune. Intensjonsavtalen skal handsamast i heradsstyret 22.juni.

Skulle det verta samanslåing, vert det oppretta ein ny bydel når den nye kommunen trer i kraft frå 2020. Bydelen vil bestå av Arna bydel, Osterøy, Vaksdal og Samnanger. Det vert direkteval til den nye bydelen. Kva oppgåver og myndighet som skal tildelast det nye bydelsstyret vil verta nærare avklart seinare.

Intensjonsavtalen skal til handsaming i kommunestyra i Osterøy 22.juni, Vaksdal 27. juni, Samnanger 16.juni og Bergen 15. juni.

Her kan du lesa intensjonsavtalen:

Intensjonsavtale om kommunesamanslåing mellom Osterøy, Vaksdal, Samnanger og Bergen kommunar

Web levert av CustomPublish