steinsprang

Sikringstiltak og ansvar i høve til avdekka steinsprang- og jordskredfare

Kommunen har som forvaltningsmynde eit ansvar for førebygging mot naturskader etter naturskadelova og plan- og byggningslova.

Kommunen har etter plan- og bygningslova ansvar for at omsynet til naturskade og eventuell sikring vert teke i vare i plan og byggesak. Dette gjeld og ved søknadspliktige tiltak på eksisterande eigedom/bygg. Det er imidlertid grunneigar/tiltakshavar som har ansvar for at gjennomføring og dokumentering av sikringstiltak er utført og framlagt før nye tiltak kan utførast.

I høve til eksisterande bygde tiltak inneheld ikkje plan- og bygningsloven reglar som gjev kommunen ansvar eller heimel for å gje pålegg om sikring. Kommunen er etter naturskadelova § 20 tillagt et generelt ansvar for sikring mot naturskade.

Osterøy kommune legg til grunn at regelen ikkje gjev noko rettslig plikt for kommunen til å utføra sikring av konkrete eigedommar/bygningar dersom det vert synt skredfare i eit område.

I høve til eksisterande busetnad legg vi etter dette til grunn at det som hovudregel er grunneigar som har ansvaret for å sikre eigen eigedom mot mogleg naturskade. Dette sjølv om faren er knytt til naturlege tilhøve på naboeigedom.

Det er mogleg å søkja NVE om tilskot til sikring. Eventuell søknad om tilskot til sikring mot skredfare må sendast via kommunen, med kommunens uttale. Kommunen kan bistå grunneigar med søknad om midlar til sikring hjå NVE, likeeins hjelp til planlegging og gjennomføring.

Sikringsarbeid må prosjekterast av føretak med geologisk/geoteknisk kompetanse og utførast av føretak med kompetanse og erfaring innan fjellsikring. Slike tiltak er som hovudregel søknadpliktige etter plan og bygningslova.

Web levert av CustomPublish