NETTSAK220617

Sjø og strandsoneplanen - Oversikt merknadar

Det er kome inn 23 merknadar frå private og offentlege instanser til planen ved 2. gongs høyring. I tillegg har Fylkeskommunen og Fylkesmannen fått utsett frist til 18. september, og desse vil kome med merknadar til planen.

Alle merknadane ligg vedlagt i skjema under.

Statens vegvesen har varsla motsegn til planen (sjå lenke nederst). Alle statlege motsegner vert samordna og sendt i eit brev frå fylkesmannen. Kommunen vil gjennomføre eit møte med fylkesmannen der ein vil diskutera delar av planen som er i konflikt med statlege rammer. Dato for møtet er ikkje fastsett men vert antatt gjennomført i august. Kommunen vil deretter få ein formel uttale frå fylkesmannen.

Fylkeskommunen utsette si politiske handsaming av planen i påventa av synfaring 13. september. Dei vil deretter ta stilling til fylkesrådmannen si innstilling. I Innstillinga er det fremja motsegn til 3 punkt; 1) Nytt naustområde nedenfor kyrkja på Hamre 2) Manglande omsynssoner rundt alle kyrkjestader i kommunen og 3) krav til miljøkvalitet i Sørfjorden i samband med akvakultur. Fylkesrådmannen si innstilling ligg vedlagt nederst på sida.

På denne bakgrunn har fylkesmann og fylkeskommune fått utsett uttalefrist til 18. september.

Dette vil sei at tidsplanen for endeleg vedtak vert forsinka og at det ikkje vert gjort eit endeleg vedtak i løpet av 2017.

OVERSIKT INNKOMNE MERKNADAR

UTTALE STATENS VEGVESEN

FYLKESKOMMUNEN SI INNSTILLING (ikkje endeleg vedtak)

 

Web levert av CustomPublish