Skjemahjelp

Elektroniske skjema

Du treng ikkje logge deg inn for å bruke alle elektroniske søknadsskjema. Det vil likevel vere ein fordel å gjere det. Skjema som er merka med lås krev pålogging. Om du loggar inn, vil du kunne mellomlagre eit skjema du held på med, og også få tilgang til oversikt over skjema du har sendt inn tidlegare. Ved seinare bruk vil nokre av brukaropplysningar du har registrert komme opp automatisk.

Elektroniske skjema er utforma slik at du vert rettleiia gjennom søknadsprosessen. Klikk på spørsmålsteikna for å få meir informasjon.

Når du sender skjemaet til kommunen er dette kryptert. Du sender dermed opplysningane dine på ein sikker måte. Personopplysningar vert handsama konfidensielt.

Papirskjema

Papirskjema er i pdf-format. For å bruke skjema i pdf-format, treng du Adobe Reader. Om du ikkje har programmet på pc-en din frå før, kan du laste det ned gratis frå adobe.no.

Nokre papirskjema kan du fylla ut på pc og skriva ut, medan andre må du først skrive ut og fylle ut manuelt. Ta nødvendige kopiar til deg sjølv, skriv under og send til mottakar.

Om ikkje anna er opplyst, skal søknaden/skjemaet sendast til:

Osterøy kommune
Hatland
5282 Lonevåg

Hjelp til utfylling av skjema

Servicekontoret kan hjelpe deg om du får problem med å fylle ut skjema. Kom innom eller ring 56 19 21 00.

Web levert av CustomPublish