Skogfond

Bruk av skogfond

Omtale:
Skogfond skal brukast til langsiktige investeringar samt å sikre viktige miljøverdiar, i den skogen som virket kommer frå, eller i annen skog som skogeigaren har, som:

  • Skogkulturtiltak, som planting og ungskogpleie
  • Bygging og opprusting av skogsvegar og velteplassar
  • Vedlikehald av skogsbilvegar
  • Miljøtiltak, som pleie av kulturminne i skog
  • Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar
  • Biovarmeanlegg for varmeleveransar
  • Forsikring av skog
  • Kursavgift og kursmateriell for kurs knytt til drift av skogen
  • Oppmerking av eigedomsgrenser og nødvendige handlangarutgifter ved jordskifte i skog
  • Eventuell meirverdiavgift på de aktuelle tiltak

Skogfond er ein fondsavsetjing som automatisk vert trekt ved omsetjing av tømmer.

Til vanleg 10-15% av brutto tømmerverdi, men med mogelegheit til å bruke satsane frå 4% til 40%.

Om ein har disponible skogfondsmidlar på konto vert desse automatisk utbetalt saman med tilskot til skogkultur om ein har meld inn slike tiltak til skogbrukssjefen på førehand.

Når det gjeld skogsvegbygging må ei vende seg til skogbrukssjefen får å få ut inneståande midlar.

Det er skattefordel (85%) på ei rekkje av tiltaka som ein kan nytte skogfond til, og det er dette som gjer ordninga så god.

Web levert av CustomPublish