Skular på Osterøy

Osterøy kommune har 6 offentlege grunnskular, 4 barneskular (1-7), 1 barneskule (1-4) og 1 sentral ungdomsskule (8-10). I tillegg har vi 2 private barneskular og 1 privat ungdomsskule og ein vidaregåande skule.

Osterøy kommune har også vaksenopplæring og kulturskule.

 

Skulestad/skuleområde

Ta kontakt med servicekontoret tlf. 56 19 21 00 dersom du lurer på kva skule barnet ditt soknar til.

Informasjon om skulestart


Skulane sender kvar vår brev til føresette om innskriving av nye førsteklassingar, informasjon om førskuledagar og skulestart i 1.klasse.

Om du til dømes har flytta eller av andre årsaker ikkje har fått tilsendt informasjon, ta kontakt med skulen.

Private skular

Barneskular:

Hosanger Montessoriskule

Hamre Grendaskule

Ungdomsskular:

Danielsen Ungdomsskole

Web levert av CustomPublish