Slagverk

"It aint mean a thing if it aint got that swing"

Slagverkaren tilfører musikken energi og driv. Har du mykje rytme i kroppen, kan dette vera noko for deg.  

Armar og bein
Som ny på trommestolen vil du fort merka at armar og bein ikkje alltid vil lystre kommandoen frå hjernen. Med vårt undervisningsopplegg får du systematisk øvd opp kontrollen av armar og bein slik at røslene dine etter kvart vert omgjort til fengande rytmar.



Musikalske byggjesteinar 
Trommeundervisninga egner seg godt til å gje eleven grunnleggjande forståing av ord og uttrykk i musikken. Du lærer om taktartar, noteverdiar og periodar. Ved a læra deg slagverkkunsten, har du og eit godt grunnlag for å gi deg i kast med andre instrument seinare.
 
 


Du vert ettertrakta
Slagverket er ikkje eit utprega soloinstrument. Difor legg me i kulturskulen opp til at du i periodar får prøva deg i ulike samspelsituasjonar.
Når nokon skal laga band, er dei alltid på utkikk etter ein trommis.
Web levert av CustomPublish