Illustrasjonsbilete: Påskelys

Illustrasjonsbilete: Påskelys

Slik får du ei branntrygg påske

Pass på når påskekosen involverar bruk av eld – anten det er stearinlys, bruk av gass, grill eller fyring på peisen. Ver også alltid vaken og tilstades når komfyren er i bruk.  

Forlat aldri eit rom med levande lys og pass på at du ikkje sovnar frå lys. Bruk berre brannsikre lysestakar som tåler at lyset brenn ned utan at dette får konsekvensar. Levande lys må ikkje komme i nærleiken av ting som kan brenne, så vær difor spesielt merksam på avstand til gardiner og andre tekstilar om du opnar vindauge.

Pass også på når du lagar mat på komfyren - det er lett å gløyme og det kan føre til komfyrbrann.

Sørg for at eldstaden i god stand. Ikkje sett oska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned oska i ei brannsikker bøtte med lok, plassert på fast plate eller steinhelle og i god avstand frå hytte- eller husveggen.

Krav til røykvarslar på hytta

Det er same krav til branntryggleik i hytter som i vanlege bustader, det betyr at hytta skal ha både røykvarslar og sløkkjeutstyr. Det skal vere brannalarmanlegg eller røykvarslar i alle bustader, hytter og fritidseigedomar, og det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje. Hugs og ta med deg nye batteri til røykvarslaren når du reiser på hytta. Sjekk at røykvarslaren fungerer når du kjem fram og at du kan høyre den på alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er stengde. Kontroller at sløkkjemiddel som brannslange eller brannsløkkjeapparat er lett tilgjengelege. Er du på ei hytte med mykje snø må du hugse å grave fram alternative rømmingsvegar.  

Hugs også røykvarslar til båten og campingvogna. Det finns for eksempel reiserøykvarslarar på marknaden.  

Ver varsam med gass

Lekkasje i propanutstyr og slangar kan føre til brann- og eksplosjonsfare. Sjekk difor jamnleg propanutstyr, slangar og koplingar. Ein god metode er å bruke såpevatn for å søkje etter lekkasjar. Koble gjerne frå slangen til gassbehaldaren om natta og når du forlèt hytta. Om du kjenner gasslukt må du ikkje tenne eller slå på noko som kan utløyse gnistar, som for eksempel ein lysbrytar. Luft først godt ut og finn deretter eventuelle lekkasjar.

Anten du er heime, i byen, på hytte, i båt, campingvogn eller andre stader - ha ei god og branntrygg påske!

Web levert av CustomPublish