Slik kan du påverka

Kunngjering av godkjende vallister til kommunestyrevalet 2015

I møtet 27. mai godkjende Valstyret desse listene til kommunestyrevalet 2015:

Arbeidarpartiet

Høgre

Framstegspartiet

Kristeleg Folkeparti

Raudt

Senterpartiet

Miljøpartiet Dei Grøne

Sosialistisk Venstreparti

Venstre

Listeframlegga ligg også til offentleg ettersyn i Osterøy rådhus, Servicekontoret frå 01. juni 2015

Klage Eventuell klage på Valstyret sitt vedtak må setjast fram innan 7 dagar frå kunngjeringsdato.

01. juni 2015 Les meir listene til valet

Kommunestyre- og fylkestingvalet 2015

Det skal veljast nye medlemmer til kommunestyret og til fylkestinget hausten 2015. Begge vala vert haldne på same dag og valdagen er fastsett til 14.september.

 

Her finn du informasjon og rettleiing om innlevering av listeforslag:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/kmd/kampanjer/valg/malgrupper/for-partierlister.html?id=547643

 

Husk innleveringsfristen for listeforslag: 31. mars, innan kl. 12.00. 

Listeforslaget må vera motteke i rådhuset innan denne fristen.

 

 

 

07. juli 2014 Les meir om val

Innbyggjarinitiativ

Kva er innbyggjarinitiativ?

Gjennom å samla underskrifter har du som innbyggjar i ein kommune eller eit fylke rett til å setja ei sak på den politiske dagsorden. Du har imidlertid ikkje krav på eit bestemt utfall i saka.

Kven kan foreslå saker?

Du må bu i den kommunen eller det fylket saken gjeld for å foreslå eller skriva under på ei sak. Ungdom under 18 år kan og foreslå saker.

Kor mange underskrifter treng du?

Du må samla underskrifter frå minst to prosent av innbyggjarane, eller minimum 300 underskrifter dersom kommunen din har mer enn 15000 innbyggere. I fylkeskommunen er det nok med underskrifter frå 500 av innbyggjarane i fylket.

Kva kan du fremja forslag om?

Du kan fremja saker som gjeld kommunens eller fylkeskommunens verksemd. I praksis inneber dette oppgåver som kommunen eller fylkeskommunen er engasjert i, både lovpålagte og frivillige oppgåver. Det er dermed snakk om et vidt spekter av saker.

Kva kan du ikkje fremja forslag om?

  • Saker som alt er behandla av kommunestyret (eller fylkestinget) i løpet av valperioden.
  • Saker med samme innhald som eit tidligare innbyggjarinitiativ.

Dette betyr ikkje at det forbode å fremja ”den same” saka i løpet av éin og same valgperiode, eller at kommunestyret eller fylkestinget ikkje har lov til å behandle saka. Kommunestyret eller fylkestinget kan velja å behandle ei sak som har blitt behandla før, men initiativtakarane kan ikkje gjera krav på dette.

Når må saka behandlast?

Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til saken seinast seks månader etter at den har fått nok underskrifter. Det er eitt unntak frå denne fristen. Seksmånadersfristen gjeld ikkje om saka blir vist til behandling i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova.

Kor lenge kan ei sak bli liggjande?

Saker som ikkje har nok underskrifter etter 12 månader, blir sletta fra minsak.no.

Meir informasjon om innbyggjarinitiativ:

 

01. juli 2014 Les meir om Mi sak
Web levert av CustomPublish