Hugs eigna sløkjeutstyr i bustaden din!

Hugs eigna sløkjeutstyr i bustaden din! Fotograf Thor Brodreskift

Sløkkjeutstyr

Alle bustader skal ha eigna sløkkjeutstyr. Det kan anten vere ein husbrannslange, eit pulver- eller eit skumapparat. Sløkkjeutstyret skal monterast lett tilgjengeleg og må kontrollerast jamleg.

Det er eigaren av bustaden som har ansvar for å skaffe og montere sløkkjeutstyr. Det er brukaren av bustaden som har ansvaret for å kontrollere at utstyret er i orden.

Husbrannslange

Husbrannslangen har uavgrensa sløkkjekapasitet. Slangen bør vere fast montert til ei kran og skal rekkje fram til alle rom i huset. Ein hageslange er ikkje godkjent som husbrannslange.

Vatn kan ikkje brukast mot brann i feittgryter, bensin og andre flytande stoff. Brann i feittgryter kan lett sløkkjast ved å legge på grytelokket. Trekk gryta vekk frå plata og skru av straumen.

Det er viktig å vedlikehalde og kontrollere sløkkjeutstyret. Husbrannslangen bør kontrollerast kvart år. Rull ut heile slangen og kontroller at krana verkar og at slangen er utan sprekker.

Pulverapparat

Pulverapparatet må vere på minst 6 kilo. Eit pulverapparat er lett å ta med seg og kveler ein brann effektivt. Det kan brukast på alle typar brann. Det blir midlertidig tømt på 10-20 sekund.

Sjekk at manometerpila står på det grøne feltet. Vend apparatet opp ned for å hindre at pulveret klumpar seg. Dersom du held øyret inntil behaldaren skal du kunne høyre at pulveret flyttar seg. Sjekk at plomberinga er intakt og at det ikkje er skader på apparatet. Kvart femte år må pulverapparatet leverast inn til kontroll, og kvart tiande år til service. Kontroll og service må utførast av sertifiserte fagpersonar.

Skumapparat

Skumapparatet inneheld vannbasert skum som sløkkjer brann ved kveling og nedkjøling samtidig. Dette må anten vere 9 liter, eller 6 liter med sløkkjeeffekt på minst 21A. Eit skumapparat på 9 liter blir tømt på 20-30 sekunder. Ver merksam på at skumapparatet ikkje tåler frost.

Web levert av CustomPublish