SMARTSTART

Kva slags musikar bur i deg?

SMARTSTART  er eit variert grunnopplæringstilbod i musikk for deg som skal begynna i kulturskulen for første gong. Du får prøvd deg på song, stavspel, piano, ukulele, gitar og rytmeinstrument. Du vil også bli kjent med notar og musikkuttrykk slik at du er godt førebudd når du seinare vil begynna på eit instrument. Nytt i år er at me og tilbyr eigen fiolingruppe for dei minste: Småstryk.

Tilbodet blir gitt i gruppe og individuelt avhengig av kva som er tenleg til ein kvar tid.    
Målgruppe: 1. og 2. klassingar.
Undervisningsøkta vert 15 min, men utvida når det er gruppeundervisning. 
Tilbodet har ti no gått føre seg på nærskulen i SFO tid. For å gi eit så godt tilbod som råd, vurderer me å leggja tilbodet til ettermiddagstid i kulturskulen sine lokale på Hatland. 
 

Web levert av CustomPublish