REV1 DSC_0228

Søknad bygging Gjerstadfossen Kraftverk AS

Gjerstadfossen Kraftverk AS v/Johannes Gjerstad søker om å byggje ut eit kraftverk i Gjerstadfossen. Søknaden vert handsama etter energilova og vassressurslova for bygging av kraftverk med inntaksdam, røyrgate, kraftstasjon med meir. Søknaden vert handsama av NVE. Siste frist for uttale er 7. april 2017.

Inntak til kraftverket er planlagd nestraums Hovden på 178 m o.h. og utløp er planlagd på 61 m o.h.ved Gjerstad. Middelvassføringa i elva er 930 l/s. Planlagd minstevassføring er på 52 l/s. Det er ikkje planlagd magasin ved inntak ut over inntaksdam.

Osterøy kommune er falleigar og det er inngått avtale mellom tiltakshaver og Osterøy kommune om leige av fallrettar.

Det er NVE som handsamar søknaden. Uttale i saka skal sendast NVE på nve@nve.no .

Alle dokument i saken ligg på:

https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=6489&type=V-1

 

Web levert av CustomPublish