Ein må søkje om lov til å bruke fyrverkeri utanom gitt tidspunkt på nyttårsafta.

Ein må søkje om lov til å bruke fyrverkeri utanom gitt tidspunkt på nyttårsafta.

Søknad om bruk av fyrverkeri

For å bruke fyrverkeri eller pyrotekniske effektar må det søkjast om løyve frå brannvesenet. Søknaden må vere brannvesenet i hende minimum 14 dagar før bruken skal finne stad.

Unntaket er nyttårsaftan då det er tillate å fyre av fyrverkeri mellom kl. 18.00 og kl. 02.00. 

Skjema: Søknad om bruk av fyrverkeri

Vis varsemd

Dei som skal bruke fyrverkeri og/eller pyrotekniske effektar må vere over 18 år. Fyrverkeri er eksplosiv vare som må handsamast på ein sikker og forsvarleg måte. Les og følg bruksrettleiinga nøye. Både bakkefyrverkeri og stjerneskot kan gje alvorlege skader dersom det vert brukt feil.

Det er totalforbod mot bruk av rakettar med styrepinne. Bruk av naudrakettar er alltid forbode utanom i reelle naudsituasjonar.

For bruk av profesjonelt fyrverkeri og/eller pyrotekniske effektar må det utarbeidast skriftlege planar og instruksar for å ivareta all tryggleik ved bruken. Det må hentast inn løyve frå politiet og grunneigar.

 

Web levert av CustomPublish