Velkomen til første møte med grunnskulen!

Velkomen til første møte med grunnskulen!

Søknad om skulefritidsordning

Du kan no søkja plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det  er eit tilbod før og etter skuletid for elevar i 1. til 4. klasse og for  elevar med særlege behov i 1.til 7. klasse.

Søknadsfrist for SFO frå hausten 2017 er: 1. mai 2017 og det må søkjast elektronisk.

SFO i Osterøy kommune opnar 1. august med eit tilbod 7.5 timar dag fram til skulestart 18. august.

SFO vil vere stengt i skulen sine planleggingsdagar og haust, jule – og vinterferie.

Sjå elles skulen si skulerute for 2017/2018 med informasjon om skulane sine planleggingsdagar og fridagar.

 SFO er stengt i juli månad.

SFO skal gje elevane eit trygt og utviklande fritidstilbod før og etter skuletid i samsvar med § 13-7 i Opplæringslova og  kommunale vedtekter.

I Osterøy kommune har fylgjande barneskular tilbod om SFO:

  • Fotlandsvåg skule
  • Haus skule

  • Lonevåg skule
  • Valestrand skule
Satsar for foreldrebetaling pr. 01.01.2016
Gruppe 1 Mindre enn 9 timar kr. 1395
Gruppe 2 9-15 timar kr. 1935
Gruppe 3 Meir enn 15 timar kr. 2680

Satsar for foreldrebetaling pr. 01.08.2017

Gruppe 1 Mindre enn 9 timar 1395
Gruppe 2 9 - 15 timar 1695
Gruppe 3 Meir enn 15 timar 1995
Web levert av CustomPublish