SONG

Kroppen sitt eige instrument

Stemma har du alltid med deg, og noko av det kjekkaste du kan bruka ho til er å forme ord og tonar. I kulturskulen kan du få vidareutvikla songtalentet ditt med vegledning frå erfarne lærarar. Du får læra om pusteteknikk, klang,  uttale, musikkteori og ikkje minst formidling.

Formidling
Songaren står gjerne i første rekkje og er den som skal bera fram bodskapen i musikken. Derfor er det viktig å få øvd deg til å opptre framfor eit publikum. Kulturskulen har fleire arenaer der du kan få slik erfaring. I tillegg til våre eigne konsertar, får me ofte spørsmål om å stilla med songarar til ulike arrangement i og utanfor Ostrerøy.  

Kor og vokalensemble

Me legg og opp til at du skal få erfaring med fleirstemt song. Det kan vera vokalgrupper av ulik storleik eller korprosjekt i samband med større arrangement. Når du syng i lag med andre, får du øvd opp gehøret og vert betre til å syngja reint. Alle elevar i ungdomsskulealder og oppover får tilbod om å vera med i kulturskulen sitt ungdomskor i samband med vår årlege hovudkonsert - "Vårspel"


Når kan eg byrja?   

Tilbodet er for born frå første klasse, men me har erfaring for at eleven med fordel kan vera litt eldre for å få godt utbyte av individuell songundervisning. 3. eller 4. klasse kan vera eit greitt utgangspunkt. Det er ein stor fordel å ha spelt eit instrument først slik at du kjem litt inn i noteverda . Piano er då eit godt utgangspunkt. For 1. og 2. klassingar tilbyr me og Smartstart, som er eit allsidig gruppebasert begynnertilbod. Frå 3. klasse kan du melda deg inn i teaterkoret dersom du og har ein liten skodespelar i magen. Les om desse tilboda under eigne faner.


Tid og stad

Songsundervisning vert gitt ved nærskulen i eller etter skuletid. For elevar på Osterøy ungdomskule, Lonevåg skule eller vidaregåande skule, går undervisninga føre seg i kulturskulen sine lokale.  

Web levert av CustomPublish