Du er her: Start»Politikk»Val 2017
Val 2017 logo

Val 2017 logo

Stortings- og sametingsvalet 2017 - TIDLEGRØYSTING

Førehandsrøysting i perioden  01. juli  til og med  09. august vert kalla tidlegrøysting, og er meint for veljarar som ikkje har høve til å røysta i ordinær periode for førehandsrøysting (10. august – 8. september) -  og som heller ikkje kan røysta på valdagen 11. september.  

Veljarar som ønskjer å røysta i perioden for tidlegrøysting må likevel ikkje dokumentera at dei vil vera forhindra frå å førehandsrøysta på eit seinare tidspunkt, eller røysta på valdagen.

I år fell 1. juli på ein laurdag, så første dag for tidlegrøysting i Osterøy kommune vil vera måndag 3. juli

Røystestad:       Osterøy rådhus

Tid:                   Vanleg opningstid, måndag-fredag  08:00 – 15:00

Det er ikkje naudsynt å avtala tid på førehand, det er berre å møta opp i opningstida.

Veljarar har høve til å tidlegrøysta/ førehandsrøysta i kva kommune som helst i landet. Det betyr at ein ikkje må vera manntalsført i Osterøy kommune for å kunna førehandsrøysta her.  Røystegjevingar frå veljarar som høyrer til andre kommunar vert fortløpande sendt til den rette kommunen.

Hugs legitimasjon!

Ordinære røystesetlar med partinamn og kandidatar vil ikkje vera tilgjengeleg i starten av perioden for tidlegrøysting.  Me nyttar i staden departementet sin avkryssingssetel i byrjinga, der ein krysser av for det partiet ein ønskjer å stemma på.  Dette inneber at ein ikkje får gjera endringar på kandidatnivå, men partiet får ei røyst.

Ved stortingsval  kan ein gjera slike endringar:

  • Endra på  rekkjefølgja til kandidatar som står på partilista ein ønskjer  å stemma på.
  • Stryka kandidatnamn

Dersom du ønskjer ytterlegare informasjon, eller elles lurer på noko, ta kontakt med

Dagrun – tlf.  56 19 21 63,  eller Bente – tlf. 56 19 21 22

Web levert av CustomPublish