Frå venstre bak: Lars Bysheim, Simen Grimstad Øksnes, Camilla Bakken. Frå venstre framme: Laurent R. S. Bathgate, Michelle Våge, Mathias Midttun

Frå venstre bak: Lars Bysheim, Simen Grimstad Øksnes, Camilla Bakken. Frå venstre framme: Laurent R. S. Bathgate, Michelle Våge, Mathias Midttun

Sumaravslutning for ungdomsrådet

Måndag 11. juni hadde Osterøy ungdomsråd ein velfortent sumaravslutning etter å ha jobba med fleire viktige saker dette året. Avslutninga gjekk føre ved Osterøy Turlag sitt naust på Raknes, og DNT Ung stilte med tre representantar som fortalde om DNT Ung på Osterøy.

Ungdomsrådet har gjennom skuleåret 2017/2018 jobba med  tema som helsestasjonen for ungdom, budsjett- og økonomiplan for Osterøy kommune, kommuneplanen sin samfunnsdel, kommunedelplan for oppvekst og områdeplan for Lonevåg. Gode innspel og drøftingar med flotte, samfunnsengasjerte ungdommar.

Sumaravslutninga fann stad ved Osterøy Turlag sitt restaurerte naust på Raknes, der me nytta høve til å låna kajakkane og bada. Det var desverre fleire av medlemmane som var hindra i å delta, så me tok oss ei lenger padleøkt sidan me slapp dele opp gruppa. Med oss hadde me sertifisert padleinstruktør Siren Juliussen som til dagen jobbar på planavdelinga i kommunen. DNT Ung stilte med tre blide unge damer som fortalde litt om kva DNT Ung er, og kva aktivitetar dei har hatt og planlegg på Osterøy framover. Dei håpar at fleire unge mellom 13 og 26 vil vere med dei på tur og aktivitetar i framtida. Dei som ville fekk ei lett innføring i padleteknikk og vart utfordra til å gjennomføre ulike oppgåver for å verte trygg i kajakken. Nokre var meir ivrige enn andre og hamna stadig i vatnet, medan andre kosa seg i roligare tempo. Padlinga vart avslutta med bading for dei som ville. Etter aktivitetane vart det fotoseanse og store mengder pizza og sjokoladekake.

Klar i kajakkane

Klar i kajakkane. Frå venstre: Michelle Våge, Laurent R. S. Bathgate, Mathias Midttun og Siren Skråmestø Juliussen.

Padle 1

Alle klar på vatnet

Padle 2

Ingen ungdommar sakna, men ein insisterte på å symje i land for å hoppe frå brygga.

Flåte

Balansekunstar på flåte. Nokre meir ivrig ann andre.

Padle 3

Badarane underholdt dei som framleis var i kajakkane med spreke stup og hopp

Dødsing

Laurent underholdt med dødsing

Hopp med stil

Laurent fekk 10 også i stil!

I svevet

Camilla i svevet.

Heile gjengen samla

Heile gjengen samla!

Ungdomsrådet med koordinator og instruktør

Ungdomsrådet saman med koordinator Grete Birkelid (bak til høgre) og padleinstruktør Siren Juliussen (midten til høgre)

Koorinator for ungdomsrådet vil nytta høve til å takka alle medlemmane i ungdomsrådet for flott innsats og ynskje alle ein strålande sumarferie!

Web levert av CustomPublish