Sumarhuset til Ole Bull

I tillegg til å vera ein virtuos fiolinist som turnerte verda rundt, var Ole Bull (1810-1880) også komponist og nasjonsbyggjar. Nokre hundre meter opp frå Valestrand sentrum står framleis Ole Bull sin eventyrlege villa, i rosa farge, med grøn slange buktande langs mønet. Ole Bull tok over slektsgarden på Valestrand i 1858. Heilt frå gutedagane av hadde han hatt tilhald der i periodar. Først som gjest hjå besteforeldra og seinare som herre i eige hus. Huset tilhøyrer framleis familien, og er no eigd av oldebarnet til Ole bull, Knut Hendriksen. Når ein køyrer mot Valestrand kan ein ikkje unngå å sjå den rosa nasjoanlromantiske villaen.

Når eigaren er tilstades på sumartid er det mogleg med guida turar. For meir informasjon kontakt servicekontoret på rådhuset, tlf. 56192100.

Web levert av CustomPublish