Tapping av Kringastemma

I dag, torsdag, vil Kringastemma bli tappa for vatn. Vatnet vil vera nedtappa i ca 2 månadar på grunn av arbeid på brua. Frå måndag 6. august vert gongbrua stengt og det vert manuell dirigering av gong-/biltrafikk. 

Dammsida mot vatnet og toppen av dammen skal bli påført ein betongstøyp som forsterkar og stabiliserar dammen. Dette sikrar dammen i.h.t. krav frå NVE og gjer at dagens vannspeil kan behaldast.

I tillegg vil ei fisketrapp bli bygd på luftsida (mot Valestrandsvatnet), slik at anadrome (fisk som vandrar frå saltvatn til fersk for å gyte) fiskar og ål kan vandre opp til Kringastemma og vidare. Dette vil mangedoble arealet som fisk har til å gyte osv. 

Gongbrua over Kringastemma vert stengt frå måndag 6.august, og gongbrua vert fjerna ca. ei veke seinare. 

Web levert av CustomPublish