TEATERFAG

Finn skodespelaren i deg!

l-img_9477.jpg

TEATERFAG

I teaterfag kan du velja mellom TEATERLEIK for dei minste, TEATERKOR for 4-7 klasse og DRAMA for dei som ønsker å utvikla seg sjølv som skodespelar.  Til hausten 2016 får me nytt lolkale som er skreddersydd for dans og drama. Det vil gjera tilbodet enda meir spennande. 

TEATERKOR

Namnet inneber at du får bli med på ei musikaloppsetning i løpet av året. Teaterkoret leia av vår dramapedagog Stina Østmark Sigvaldsen. Teaterkoret samarbeider tett med faga dans og visuell kunst.
l-teaterkor.jpg"I morgon"
Bildene på denne sida er frå oppsetning "I morgon" som vart vist desember i 2012.Det var ein kortversjon av musikalen "Annie". Framsyninga vart svært vellukka på alle måtar med stort engasjement frå elevar, lærarar og ikkje minst føresette. Stykket vart òg vist for alle barnskuleelevane på Osterøy. (4 framsyningar for i alt 700 elevar) 

Sidan har teaterkoret har og satt opp "Draumefabrikken" og " Planeten Plenty" Denne våren har vi satt opp "Funky Jungel" der lærar og elevar skapte ei ny historie basert på dyra i jungelboken.
 

Samarbeid
Teaterkoret vert ikkje åleine om oppsetninga. Elevar frå media, visuell kunst og dans vert og på ein eller annan måte involvert i prosjektet. Dei føresette er òg ein viktig ressurs når det gjeld å skaffa kostyme og rekvisittar m.m og ikkje minst for å skapa ei sosial ramme rundt øvingshelg og framføringar.

Andre aktivitetar
Teaterkoret vil òg få oppdrag i samband med andre arrangement i kulturskulen. I 2014 var dei programleiarar på Vårspel (kulturskulen sin hovudkonsert) Elles vil det sjølvsagt verta mykje korsang.

Tid og stad
Teaterkoret har sine øvingar i kulturskulen sine lokale. I år øver dei tysdagar  frå 15:30 til 17:00. Øvingsdag for kommande sesong er ikkje fastsett.    
I samband med innspurt til musikalen, vil det kunne bli endringar på planen. Du må rekna med minst ei øvingshelg. Intensive periodar vert kompensert med avspassering på slutten av året.

TEATERLEIK

Dette er eit nytt tilbod til 1-3 klasse og vil bli realisert dersom det er nok søkjarar. Her vil ein arbeida med improvisajon og små rollespel. Innimellom vil ein framføra små stykke i ein uformell ramme.

Tid og stad

På ettermiddagstid i kulturskulen sine lokale. Det vil bli på same dag som teaterkoret har sione øvingar. I år har det vore tysdagar. Høgst sansyleg vert det tysdag også til hausten.

DRAMA

Dette er eit nytt tilbod som er meint for eldre elevar som kanskje er aktive i eit teaterlag og har lyst til å fordjupa seg i skodespelarfaget. Tilbodet kan gis individuelt eller i små grupper.

Tid og stad

På kulturskulen ettermiddag eller kveld etter avtale.

 


l-teaterkorligg.jpg

Web levert av CustomPublish