Tenester til menneske med utviklingshemming

Tenester til menneske med utviklingshemming er integrert i heimetenestene og vert gjeve etter lov om sosiale tenester og lov om helsetenesta i kommunen.

Tenester til utviklingshemma vert gjeve ut i frå den einskilde sitt behov, og kan vera hjelp/rettleiing til å bu i eigen bustad og delta i vanlege samfunnsgoder og aktivitetar.
Det vert og gjeve arbeids- og dagsentertilbod, miljøarbeidarteneste, avlastning og støttekontakt.

Intensjonen med tenestene er at menneske med utviklingshemming skal kunna leva eit godt og innhaldsrikt liv, mest mogleg inkludert i samfunnet og på eigne premissar, at alle har eit arbeids- eller aktivitetstilbod og gode og varierande fritidssysler.

Kontaktpersonar:

Individuell plan, støttekontakt, følgjekort for funksjonshemma og omsorgsløn: Konsulent for funksjonshemma, telefon: 56 19 21 00
Bustad, avlasting og miljøarbeid: Soneleiar midtre, telefon: 56 19 21 00


 

Web levert av CustomPublish