Tettstader

Kommunesenteret er i Lonevåg, ca. 15 min køyring både frå ferge og bru.

Her finn ein eit kjøpesenter, daglegvarebutikkar, post i butikk, bank, bibliotek, treningssenter, politi, rådhus, kyrkjekontor, NAV, legesenter, helsestasjon, tannlege, idrettshall, idrettsbane, båthamn, kro, pizzeria og mini hotell. Her ligg og barnehage, barneskule, ungdomskule og vidaregåande skule.

Fotlandsvåg ligg ca. 15 min køyring frå Lonevåg, og her finn ein nærbutikk, tannlege, bensinstasjon, Fjordslottet hotell, grendahus, bedehus, båtbrygge og frisør. I Fotlandsvåg er der og ein barnehage og barneskule.

Valestrand ligg ca. 15 min køyring frå Lonevåg og det er her ferga frå Breistein legg til kai. Kommunen er i gong med ein områdeplan for Valestrand. Følg utviklinga her. På Valestrand finn ein daglegvarebutikk, post i butikk, frisørar, legekontor, tannlege, kro, pub, dekkservice, ferge, ungdomshus, båthamn, idrettsplass, barneskule og ungdomskule.

Haus kjem ein til etter ca. 5 minutt køyring frå Osterøybrua. I Haus finn ein daglegvarebutikk, post i butikk, barnehage, barneskule, frisør, kyrkje, ungdomshus og båtbrygge.

Bruvik ligg ca. 20 minutt frå Osterøybrua. Her har dei nærbutikk, kulturhus, kyrkje, barneskule og båtbrygga.

Mindre tettstader/bygder: I tillegg er det skular på Hauge, Hamre, Hjellvik, Hosanger/Mjøsdalen, kyrkjer på Hamre, Hosanger og Gjerstad.
 

Web levert av CustomPublish