TIDLEGRØYSTING FRÅ 1. JULI

I samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 er det høve til å førehandsrøysta frå 01. juli.

Tidlegrøysting i perioden  01. juli  til og med  09. august er meint for veljarar som ikkje har høve til å røysta i ordinær periode for førehandsrøysting (frå 10. august), og som heller ikkje kan røysta på valdagen.

Røystestad:       Osterøy rådhus

Tid:                        Vanleg opningstid, måndag-fredag  08:00 – 15:00

Det er ikkje naudsynt å avtala tid på førehand, det er berre å møta opp i opningstida.

Ordinære røystesetlar med partinamn og kandidatar vil ikkje vera tilgjengeleg i starten av perioden for tidlegrøysting.   Me nyttar i staden departementet sin avkryssingssetel i byrjinga, der du krysser av for det partiet du ønskjer å stemma på.  Dette inneber at du ikkje får gje personrøyst til kandidatar som står på partilista som du ønskjer  å stemma på, eller føra opp kandidatar frå andre lister (slengjarar).

Hugs legitimasjon!

Dersom du ønskjer ytterlegare informasjon, eller elles lurer på noko, ta kontakt med

Dagrun – 56 19 21 63

Web levert av CustomPublish