Treng kandidatar til kulturprisen

Osterøy sin kulturpris skal delast ut og vi ber om grunngjevne forslag på kandidatar. Fristen er 23.10.18.

Både lag og enkeltpersonar kan få prisen. Aktivt kulturarbeid over ein lengre periode er hovudpremiss for tildelinga.

Vi ber om at forslag på kandidatar saman med ei grunngjeving vert send til Osterøy kommune ved

e-post til: post@osteroy.kommune.no eller pr post til: Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg.

Fristen for å koma med forslag er: 23.10.18.

Web levert av CustomPublish