Tryggleiksalarm

Har du  behov for å kunne tilkalla rask hjelp frå Heimetenesta, kan du søkja om tryggleiksalarm. Tryggleiksalarmen er tilknytt ein vaktsentral, som vidareformidlar kontakt  til Heimetenesta. Personale frå Heimetenesta rykkjer ut  heile døgnet, ved alarm. Denne tenesta er likevel ikkje ei akutt medisinsk teneste. Ved behov for nødhjelp, ring 116/117.

Målgruppe
Eldre, funksjonshemma eller andre som kan føle seg utrygge ved å bu åleine.

Lovar
Tryggleikssalarm er ikkje ei lovpålagt teneste, men kan ytas dersom du har eit hjelpebehov som gir rett til tenesta etter Helse- og omsorgstenestelova § 3-2.

Rettleiing ved søknad om tryggleiksalarm:
Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søkja om tryggleiksalarm på kommunalt søknadsskjema om Helse- og omsorgstenester. Dersom ein annen person søkjer på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Sakshandsaming
Kommunen skal innhenta dei opplysningar som er nødvendige for å avgjera saka. Vanligvis kjem ein på på heimebesøk. Deretter vert det fatta eit vedtak med grunngjeving.

Kommunen skal behandla saka snarast mogeleg. Dersom ikkje saka kan verta avgjort innan ein månad, skal du ha skriftlig beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når saka di vert behandla.

Klage
Dersom  du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå vedtaksdato. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endras. Dersom du treng rettleiing kan du ta kontakt med deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjerd, vert saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjør om klaga skal tas til følgje.

Tryggleiksalarm kan bestillast ved å ta kontakt med Heimetenesta og søkja via skjema:

Søknad om kommunale helse- og omsorgstenester.

Web levert av CustomPublish