Tverrfagleg teneste

Tverrfagleg Teneste (TFT) består av fagleiar, familieveiledar, familieterapeutar, miljøterapeut og psykologer. TFT er eit lågterskeltilbod som skal  hjelpe familiar, barn og ungdom i Osterøy kommune gjennom til dømes rettleiing, samtalar/behandling og miljøterapi/rettleiing i heimen. 

Familiar kan sjølv ta direkte kontakt for hjelp. Dersom me ikkje kan hjelpe vil me henvise vidare til rett instans. Me får og tilvist sakar frå blant anna Barneverntenesta, PPT, helsestasjon, skular, barnehagar, lege m.fl. 

Dersom du lurer på om me kan hjelpe deg kan du ta kontakt med leiar for tverrfagleg teneste på tlf: 56 19 22 43 eller mail: trude.selseng@osteroy.kommune.no
Det er mogleg å ta ein telefon eller å kome for ein uforpliktande og avklarande samtale dersom du/de ønskjer det.
Me har teieplikt.

Tidleg innsats

Me veit at tidleg innsats vil lønne seg og er difor oppteken av at ingen problem er for små til at de kan ta kontakt med oss. Jo tidlegare ein tek tak i det ein opplever som problematisk, jo større sjanse er det for at ein kan forhindre at det vert eit større og meir alvorleg problem. Det å oppsøke hjelp er ei styrke. 

Problemstillingar me kan jobbe med/ ta inn i TFT kan vere:

  • Samspelvanskar
  • Endring av negative mønster i familien
  • Atferdsproblem
  • Engstelige/angst barn/ungdom
  • Nedstemthet/depresjon
  • Søvnvansker
  • Sorg og tap
  • Utfordringar i parforholdet
  • Vald
  • Hjelp til endring av struktur og rutiner i heimen

Når det gjeld samlivsbrot kor det er barn involvert skal du/de ta kontakt med familievernkontoret for obligatorisk mekling. Me kan vere behjelpeleg med samtalar i forkant og etterkant av meklinga. Dette vil ikkje kunne erstatte mekling hjå familievernkontoret.

Dette kan tverrfagleg Teneste tilby:

  • Råd og rettleiing
  • International child development programme (ICDP) som er eit foreldreveiledningsprogram med 8 tema for godt samspel. For utfyllande info sjå bufetat.no.
  • Samspelsmetoden dialog
  • Sinnemeistring
  • Familieterapi
  • Parterapi
  • Rettleiing til skule og barnehage
  • Gruppeveiledning
  • Kartlegging av psykiske vanskar
  • Individuell veiledning/terapi
  • Hjelp til å finne ut kva instansar som kan hjelpe deg/dykk.

Praktisk informasjon

  • Møta skjer i hovudsak på rådhuset, men vi reiser også heim til familiar.
  • Møta skjer i hovudsak mellom 08:00 og 15:30.
Web levert av CustomPublish