Slik unngår du brann på hytta.

Slik unngår du brann på hytta.

Slik unngår du brann på hytta

Det er same krav til branntryggleik i hytter som i vanlege bustader, det vil seie at hytta skal ha både røykvarslar og sløkkjeutstyr. Hugs å sjekke at batteriet i røykvarslaren verkar! 

Røykvarslar 

Det skal vere brannalarmanlegg eller røykvarslar i alle bustader, hytter og fritidseigedomar. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje og den skal høyrast på alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er stengde. Sjekk at batteriet i røykvarslaren fungerer kvar gong du kjem fram til hytta og ha gjerne med deg eit reservebatteri. Pass på at røykvarslaren er riktig montert i taket.

Sløkkjeutstyr

Brannsløkkjeutstyr er også påbode i fritidsbustad. Kontroller at sløkkjemiddel som brannslange eller brannsløkkingsapparat er lett tilgjengelege. Sjekk trykkmålaren og snu brannsløkkjeapparatet opp ned et par gongar i året, om du har pulverapparat. Sløkkjeapparatet må kontrollerast jamnleg.

Rømmingsveg

Pass på at alle opphaldsrom har uhindra rømming til det fri. På vinterstid med mykje snø er det difor viktig å passe på at ein ikkje berre grev seg inn i hytta, men også at ein grev rømmingsvegar ut.

Fyr trygt 

Fyr med tørr ved og god trekk. Ikkje bruk brennbare væsker til opptenning. Ikkje sett oska utanfor hytteveggen. Kjøl den ned i ei sinkbøtte med metallok, plassert på fast plate eller steinhelle og i god avstand frå hytta.

Obligatorisk feiing

Alle hytteskorsteinar skal etter ny forskrift om brannførebygging, feiast på lik linje med hus. Kommunen avgjer når og kor ofte. Hytteeigar har meldeplikt til det lokale brannvesenet om tilstanden på pipe og fyringsanlegg, samt om det har blitt installert ny eldstad.

Om du oppdagar skorsteinsbrann, steng snarast alle ventilar og luker som fører til skorsteinen. Ver spesielt merksame på peisspjeld, og eventuell røykutvikling ved etasjeskilje og andre stader der treverk og anna brennbart materiale kjem inn til skorsteinen.

Levande lys 

Forlat aldri eit rom med levande lys og pass på at du ikkje sovnar frå lys. Bruk berre brannsikre lysestakar som tåler at lyset brenn ned utan at dette får konsekvensar. Levande lys må ikkje komme i nærleiken av ting som kan brenne. Ver difor spesielt merksam på avstand til gardiner og andre tekstilar, dersom du luftar gjennom vindauge.

Klede til tørk

Dekk ikkje til varmekjelder og ikkje tørk klede rett på omn eller peis. Pass på at klede som heng til tørk i nærleiken av varmekjelder er hengt skikkeleg fast slik at dei ikkje kan gli ned eller blir hengande for tett innpå varmekjelda.  

Propan

Lekkasje i propanutstyr og slangar kan føre til brann- og eksplosjonsfare. Sjekk difor jamnleg propanutstyr, slangar og koplingar. Ein god metode er å bruke såpevatn for å søkje etter lekkasjar. Koble gjerne frå slangen til gassbehaldaren om natta og når du forlèt hytta. Om du kjenner gasslukt må du ikkje tenne eller slå på noko som kan utløyse gnistar, som for eksempel ein lysbrytar. Luft først godt ut og finn så eventuelle lekkasjar. 

 

Web levert av CustomPublish